RUNDTUR SØR I HARDANGERFJORDEN

Fra NOK 137

Odda - Kinsarvik - Utne - Odda.

På denne rundturen i Sørfjorden, inst i Hardangerfjorden, får du oppleva sjølve indrefileten av Hardanger.

Reisa frå Odda til Kinsarvik tek deg med frå industriarv omkransa av fjell og nasjonalparkar til frukthagane i Hardanger. Etter kvart som du reiser på smale vegar og inn og ut av tunellar vil du få sjå frukthagane som lagar lappeteppe oppover i landskapet og fruktgardar som ligg trygt i bakkane.

I Kinsarvik finn du plassar der kan ete, butikkar, korte gåturar og ein båthamn med badelagune.

Frå kaia i Kinsarvik går du ombord på ferja til Utne. På bilferga er det kafé og toalett. Nyt overfarten.

På Utne finn du eit folkemuseum med suvenirbutikk og ein tradisjonell kafé (open kvar dag frå 10:00 - 17:00 mellom 02. mai - 01. september, og måndag til fredag frå 10:00 - 15:00 utanom sesong). Me anbefaler også ein tur innom legendariske Utne Hotel for å smaka på kake og sider av verdsklasse. Dersom du har tid, kan du gå ein fin tur.

På turen tilbake frå Utne til Odda får du utsikt mot Hardangervidda Nasjonalpark til venstre, samstundes som du har Folgefonna Nasjonalpark høgt oppe til høgre. Har du lukka med deg, får du sjå niser som hoppar leikent i fjorden eller ein mektig ørn på jakt etter bytte. Du kjem også til å køyre forbi nokre av Noreg sine beste sidergardar.


Avgang frå: Odda Busstasjon


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.


Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

 

Adult/Voksen NOK 137

+0 Tilleggsmuligheter

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF