RUNDTUR FOLGEFONNA NASJONALPARK

Fra NOK 200

Voss - Odda - Sundal - Utne - Kvanndal - Voss.

Denne turen tek deg langs Hardangerfjorden og Nasjonal Turistveg Hardanger, og på ei reise gjennom vakre fjord- og fjellandskap. På vegen vil bussen mellom anna passere over Hardangerbrua, som er blant dei ti lengste hengebruene i verda.

Inst i Sørfjorden kjem du til første stopp som er Odda. Her finn du eit godt utval av aktivitetar og opplevingar, og ta turen innom turistinformasjonen i sentrum for informasjon.

Ta bussen vidare mot Sundal. Her ventar ein flott fottur i Bondhusdalen og Folgefonna Nasjonalpark. Turen startar 500 meter frå busstoppet, og går på fin grusveg oppover i dalen. Informasjonsskilt ved starten (turen kan også gjerast vinterstid om det ikkje er for mykje snø).

Buss tilbake til Odda, og vidare langs den vakre fjorden til ferjeleie Utne. Nyt utsikta på ferjeturen til Kvanndal, og siste etappe med buss til Voss.


Avgang frå: Voss stasjon


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur – eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.


Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

 

Adult/Voksen NOK 200

+0 Tilleggsmuligheter

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF

Reiserute

  1. Voss