BESØK HARDANGER FOLKEMUSEUM PÅ UTNE

Fra NOK 200

Eidfjord - Kinsarvik - Utne - Kvanndal - Granvin - Eidfjord. 

Denne turen tek deg langs den vakre Hardangerfjorden frå Eidfjord til Kinsarvik, og med ferje frå Kinsarvik til den idylliske plassen Utne. På laurdagar går bussen inn til Odda og vidare på austsida av fjorden til Utne. Nyt den fantastiske utsikta til fjorden og fjella.

Utne er ei vakker bygd som byr på flott natur og mykje historie. Besøk Hardanger folkemuseum, eit kjent og kjært museum som har tatt vare på kulturhistorie, gjenstandar og bygningar frå bygdene i Hardanger. Her kan du mellom anna sjå folkedrakter, hardangersaum, hardingfeler, samling av gamle hus og ulike kunstutstillingar. Hugs å ta turen innom museumsbutikken.

Museet er ope alle dagar mellom 02 mai - 01 september frå kl. 10.00 - 17.00. Resten av året er opningstidene måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00.

Det er også verdt å ta turen innom Utne Hotel, eitt av dei eldste hotella i Noreg. Her har reisande fått mat og husly heilt sidan 1722. Ta deg ein kaffikopp og nyt utsikta over Hardangerfjorden.

Ein flott ferjetur over fjorden tek deg vidare over til Kvanndal. Siste delen av reisa går via Granvin, over Hardangerbrua, og langs fjorden tilbake til Eidfjord.


Avgang frå: Eidfjord sentrum


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur – eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.


Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

 

Adult/Voksen NOK 200

+0 Tilleggsmuligheter

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF