Kyst, fjord og fjell i Ryfylke

Fra NOK 779

Stavanger - Sauda - Stavanger.

Denne turen går med hurtigbåt og buss frå Stavanger til Sauda (måndag-torsdag) eller med hurtigbåt direkte til Sauda (fredag og søndag). Reisa startar frå Fiskepirterminalen i Stavanger og går inn fjordane til Sauda.

I Sauda er det mange aktivitetar både for store og små. Byen er omkransa av hundrevis av små og store fjelltoppar, så det er turar som passar for alle. Turane er godt merka og fleire startar frå sentrum.

På ein varm dag er det muleg å avkjøle seg på ei av mange badeplassar langs Saudafjorden eller i ferksvatn. Sauda har også symjehall og eit utandørs heilårsbasseng som held 32 grader heile året. Utandørs sklie, hoppbasseng og barnebasseng, samt friområde med sitjeplassar til bruk i sommarmånadene.

I Allmannajuvet, langs Nasjonal turistveg Ryfylke mot Saudafjellet, er det open kafe og guiding i gruvene på sommarstid. Opplev storslagen arkitektur og høyr historia om gruvedrifta.

Sauda sentrum innbyr til hyggeleg handel med meir enn 30 små og store butikkar. Nyt gjerne eit måltid på ein kafe eller ein restaurant. Det er og fint å vandre i Åbøbyen, som er eit av dei best bevarte bustadsområdene for arbeidarar og funksjonærar me har frå utbygginga av den kraftkrevjande industrien her i landet. Besøk Industriarbeidermuseet og sjå korleis dei budde før.

Sauda har også aktivitetar som kajakk, sykkel og klatring. Besøk turistkontoret og få tips til kva ein kan gjere for å få mest muleg ut av turen til Sauda.

Turen tilbake til Stavanger går enten med ein kombinasjon av buss og båt (måndag-torsdag) eller direkte med hurtigbåt (fredag og søndag).


Avgang frå: Stavanger båtterminal (Fiskepirterminalen)


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.


 

Adult/Voksen NOK 779

+0 Tilleggsmuligheter

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF