Fjordsafari i Ryfylke

Fra NOK 611

Stavanger - Sand - Stavanger.
 

Denne turen går med hurtigbåt frå Fiskepirterminalen i Stavanger inn fjordane til Sand.

I Sand er det god tid til å sjå seg rundt. Vi anbefaler ein tur i Laksestudio og til Høsebrua, og ein tur innom Ryfylkemuseet for gode forteljingar. Nyt god mat og utsikt på Ryfylke Fjordhotel eller Fargeriet Kafé.

For dei som vil vandre, er Sand hamn utganspunktet for rundtur ved Høsebrua. Turen er 5 km lang og tek omtrent 1 time.
Under turen med hurtigbåten får ein den storslåtte naturen inn dei store vindauga, og kjem veldig tett på havet. 

Turen tilbake til Stavanger går med hurtigbåt frå Sand kai.


Avgang frå: Stavanger båtterminal (Fiskepirterminalen)

Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.

Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

 

Adult/Voksen NOK 611

+0 Tilleggsmuligheter

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF