OPPLEV HARDANGERFJORDEN

Fra NOK 295

Voss - Odda - Rosendal - Norheimsund - Voss.

Denne turen tek deg langs Hardangerfjorden og Nasjonal Turistveg Hardanger, og på ei reise gjennom vakre fjord- og fjellandskap. På vegen vil bussen blant anna passere over Hardangerbrua, som er blant dei ti lengste hengebruene i verda.

Inst i Sørfjorden kjem du til Odda, ein flott plass omringa av vakker natur. Her finn du eit godt utval av aktivitetar og opplevingar, som for eksempel elvevandring og flotte vandreturar rundt i sentrum. Ta turen innom turistinformasjonen.

Bygda Rosendal ligg lunt mellom høge fjell i Folgefonna Nasjonalpark. Besøk Folgefonnsenteret eller ta turen til Skandinavia sitt minste slott; Baroniet Rosendal. 

Buss vidare frå Rosendal til Årsnes, ferje over til Gjermundshamn og ein lengre stopp når du kjem til Mundheim (toalettfasilitetar). Nyt utsikta utover fjorden. Turen tilbake til Voss, via Norheimsund, går langs idyllisk fjordlandskap.


Avgang frå: Voss stasjon


Om våre turar
Dette er ein “Travel like the locals”-tur eller på norsk «Reis som dei lokale». Desse turane går med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar, men me har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen. Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande! (Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.)

Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jol pga. avvikande rutetabellar. Tidtabellen som blir vist, gjeld for dei periodane turen kan bestillast.


Klikk her for å sjå vilkåra for reisa.

 

Adult/Voksen NOK 295

+0 Tilleggsmuligheter

Bestill nå!

PDF fakta

Last ned et PFD faktaark med all informasjon om den valgte turen Last ned PDF

Reiserute

  1. Voss